Vil DU vere med å bestemme?
Det er regionting-tid. Kanskje er det akkurat DU som får eit spørsmål om å stille som kandidat til regionstyret. Regiontinget er ein av dei viktigaste arenaene for medlemskorpsa i NMF.
Regionting i NMF skjer annakvart år og skal vere gjennomført før utgangen av april. Neste val på styret skjer på regiontinget i 2017. Valnemnda har ein viktig jobb å gjere, men det er du som blir valt inn styret som kan bestemme.
Å ta på seg eit verv i styre og råd kan for mange verke uoverkommeleg. Men det er i posisjon du har noko du skulle ha sagt.
Som tillitsvald i regionstyret er du med på å utvikle korpsaktiviteten i din region. Du kan sette dagsorden og vere med i diskusjonar. Det er di stemme som er med på å bestemme kva regionen skal satse på og korleis regionen skal driftast. Du har direkte påverknad.
Det er di stemme som er med på å bestemme kva regionen skal satse på og korleis regionen skal driftast.
Regionstyret består av leiar, nestleiar og styremedlemer avhengig av kor mange medlemmer som er i regionen.
Korpsinteressert = engasjert
Erik de Mora er styremedlem i NMF Øst. Han svarer på kor mykje arbeid det er å seie ja til eit verv i styret.
– Det er avhengig av kor mykje ein sjølv ønskjer å engasjere seg. Utgangpunktet er at det er overkommeleg for dei aller fleste som har eit engasjement for korps. Du blir ikkje neddynga i arbeid.
Styret legg føringar for aktivitetsnivået i regionen, både sommarkurs, konkurransar, stemne og felleskonsertar.
– Det er givande å få vere med å bestemme, utan at eg er nokon maktperson på nokon måte. Men vi får vere med å bidra på ein positiv måte. Det er eit fint engasjement, seier de Mora.
Det er givande å få vere med å bestemme. Vi får vere med å bidra på ein positiv måte.
– Kva gjer de?
– Vi er med når aktiviteten blir lagt, i tett dialog med administrasjonen. Vi ser på kva vi praktisk kan få til og vurderer økonomien, kva vi kan få til med eigen midlar, frå nasjonalt hald og på det enkelte korpsnivå. Det er det som er så spennande, seier Erik de Mora.
Lærerikt og utviklande
Knut Mikkelsen i NMF Nordvest understrekar at arbeid i styre har vore lærerikt og utviklande for han som menneske.
– For meg er det ekstremt viktig å følge med på kva som skjer ute i korpsa, og få kontakt med nøkkelpersonar som vil noko. Regionstyret representerer heile regionen og må famne alle medlemmene. Utfordringa er lange geografiske avstandar, men vi møtest fire gongar i året og har video- og telefonmøte innimellom.
For meg er det ekstremt viktig å følge med på kva som skjer ute i korpsa, og få kontakt med nøkkelpersonar som vil noko.
Korpspolitikk
Mikkelsen oppfordrar medlemskorps til å sende representantar på regiontinget for å kunne vere med å påverke.
– NMF er ein medlemsorganisasjon og NMF, det er oss det, medlemmene og korpsa, seier han. Å vere villig til å sitje i eit styre kan samanliknast med politikk. Det er i styret det blir bestemt kva som skal skje i regionen, kva vi skal drive med og det er her handlingsplanen blir lagt. Min kjepphest er, og det er viktig å understreke, korps er også organisasjonsdanning. Styra må også kursast.
Kjenner sitt eige fylke
Cathrine Utsi Wennberg i NMF Nord-Norge meiner ho er viktig i regionstyret i NMF Nord-Norge fordi ho er den einaste frå Finnmark som kjenner situasjonen i fylket.
– Ja, det er svært viktig å engasjere seg for å vere med å påverke. Om du berre sit der, får du ikkje gjort noko. Også i Nord-Norge er avstandane store.
– Vi har to fysiske møter i året og videomøter ein gong i månaden. Dessutan legg vi møtepunkt til ulike arrangement der vi kan treffe alle med same interesse og danne nye kontaktar. Ved å møtast, samlar vi historier og får også nye idear til korleis vi kan drive korpset lokalt.
Ved å møtast, samlar vi historier og får også nye idear til korleis vi kan drive korpset lokalt.
Valkommiteane i alle regionar ønskjer forslag på kandidatar til regionstyra. NMF oppfordrar alle medlemskorps til å bestemme kven som stiller for korpset sitt på regiontinget i 2017. Det er viktig at den som blir foreslått er villig til å stille.
Arbeidsoppgåver for regionstyra:
- 2-4 styremøte i året + videomøte. Trøndelag har 6-7 fysiske møte i året. Rogaland møte i distrikta.
- Deltek på jubileum, medaljeutdeling og besøk og på kurs og konkurransar i regionen. Oppgåvene blir fordelt mellom styremedlemmene.
- Deltar på landsmøte og eit regionting i mars/april.
- Leiar og nestleiar på nasjonale leiarsamlingar 1-2 helgar i året.
- 2018 NMF feirer 100 år. Noko meir representasjon dette året. (Det blir ekstra moro! red.anm.)
- Leiar har eit ekstra ansvar og deltar i planlegging av regionstyremøta, samt telefonmøte med presidentskapet og generalsekretær ein gong i månaden.