Øyvind Moe har skrive pliktnummeret til EM janitsjar
Åtte av Europas beste janitsjarkorps møtest til dyst til det fyrste European Championships for Wind Orchestras (ECWO) 21. mai 2016. Christiania Blåseensemble representerer Norge og nordmannen Øyvind Moe har komponert pliktnummeret.
Christiania Blåseensemble frå Oslo er dobbeltvinnande norgesmeister i janitsjar og reiser til Utrecht i Nederland for å konkurrere i EM under leiing av Bjarte Engeset.
Korpsa skal spele eit program på ein time kvar, inkludert pliktnummeret «Celebral Vortex». Denne komposisjonen er skriven av norske Øyvind Moe, komponert fyrste gong for Musikkforeningen Nidarholm då dei deltok i World Music Contest i Kerkrade 2009. Musikkstykket er publisert hos Norsk Noteservice.
Dommarar frå tre land
Irene Anda frå Norge er ein av tre dommarar i konkurransen. Dei andre er Jan van der Roost (Belgia) og Simone Rebello (UK). Ein internasjonal komité har valt dommarane.
Gallakonsert og premieutdeling
Laurdag kveld er det gallakonsert med påfølgande premieutdeling. Konserten blir helden av Royal Military Orchestra Johan Willem Friso, dirigert av Tijmen Botma. Medverkande er også solist Olivier Patey som til vanleg spelar soloklarinett i The Royal Concertgebouw Orchestra i Amsterdam.
Billettar kan du alt no kjøpe her: www.knmo.nl
Buffet Crampon er sponsor for ECWO og Adams leverer slagverksutstyr.
Rundebordskonferanse
Fredag 20. mai blir det arrangert rundebordskonferanse med temaet musikkutdanning for born i grunnskulen. Det vil bli diskutert musikkutdanning og statusen den har i dei ulike landa. I tilegg stiller NMFs generalsekretær Karl Ole Midtbø for å fortelje om NMFs inkluderingsprosjekt, PULSE Stronger Together.
Laurdag 21. mai blir det musikk i hele Utrecht med ensemble frå lokalområde rundt Utrecht. De vil lage ein lokal vri på dagen og rette fokus mot EM som går i TivoliVredenburg.
Desse åtte korpsa konkurrerer:
- Concertband Maasmechelen (Belgium) http://www.concertbandmaasmechelen.be/
- Jazeps Medins Riga Music Secondary (Latvia) http://www.jmrmv.lv
- Koninklijke Harmonie van Thorn (the Netherlands) http://www.kht.nl/
- The Danish Concert Band (Denmark) http://www.concertband.dk/
- Landesblasorchester Baden-Württemberg (Germany) http://www.landesblasorchester.de/home/aktuelles/
- Christiania Blåseensemble (Norway) https://www.facebook.com/christianiablaseensemble/
- Civica Filarmonica di Lugano (Switserland) http://www.civicalugano.ch/
- Eynsford Concert Band (England) http://www.eynsfordconcertband.co.uk/
Konkurransen gir deg høve til å høyre åtte av dei beste orkestera på ein og same plass med ulik framføring.
Fullstendig program finn du på www.knmo.nl og www.utrechtblaast.nl.
Det blir mulig å følgje konkurransen på Facebook og Twitter.