Vil du jobbe i utlandet eit år? No har du sjansen!
Har du en draum om å jobbe eit år i utlandet? No kan du det, for Norges Musikkorps Forbund (NMF) har fått tre nye år med prosjektet PULSE, støtta av Fredskoprset. No kan du søke og jobbe i eit team i Sør-Afrika! Fristen er 10. august.
Norges Musikkorps Forbund søkjer deg som er fleksibel med høgare utdanning og som vil jobbe med musikk og kva betydning musikk har for livskvaliteten i Sør-Afrika. Sørafrikanske Field Band Foundation (FBF) brukar musikk som verktøy for å gje born og unge i fattige område ein positiv kvardag.
Vi søkjer deg som har utdanning innan helse- og sosialfag, musikkterapi/musikk og helse, musikkpedagogikk, musikkvitenskap eller annan musikkutdanning, teater, formidling/kommuniasjon. Har du annan relevant kompetanse er du velkommen til å søkje.
Kort frist
Tidsramma er knapp for å søkje, og oppstart skjer allereie 15. september. NMF søkjer eit team på fire deltakarar. Er du interessert, så søk allereie no. Fristen er 10. august.
Som deltakar i PULSE blir du engasjert i 13 månader, får ein variert og hektisk arbeidskvardag med fagleg og personleg utvikling.
15-års samarbeid
NMF og FBF har samarbeidd sidan 2001, med støtte frå Fredskorpset. Hausten 2013 starta prosjektet PULSE, eit utviklingsprosjekt med hovudfokus på samanhengen mellom musikk og livskvalitet.
Les heile utslysingsteksten: Oppdrag Sør-Afrika
Lurer du på noko, kan du ta kontakt med Silvelin Havnevik: 982 41 177. Søknad sender du til pulse@musikkorps.no
Les: Tre år til for PULSE
Sjekk bloggen: Pulsestrongertogether.com