– Nervane er begynt å komme no, seier Maren Kristine Mørck og legg til at slik skal det også vere. Ho er leiar for Christiania Blåseensemble som vann elitedivisjonen i NM janitsjar 2015.

Nervane er begynt å komme

Korpset er Norges Musikkhøgskole sitt eige korps og er eit tilbod til noverande og tidlegare studentar ved skulen. At dei vann i fjor set ekstra krav til musikantane.

Kjempekonsert

– Vi håpar å halde oss i toppen av elitedivisjonen. Nivået er blitt skyhøgt og konkurransen er hard, men vi er veldig klare for å gjere ein kjempekonsert, seier Mørck.

Vi er veldig klare for å gjere ein kjempekonsert

Dirigent for Christiania Blåseensemble er Cathrine Winnes. Ho kjenner korpset godt, set høge krav til kvar enkelt og til seg sjølv. Ensemble vann elitedivisjon under Winnes si leiing i 2013. I fjor førte Trond Husebø korpset til topps.

– Som mange andre korps, har vi våre sterke sider som ensemble, og fokuset ligg sjølvsagt på å trekke fram det beste. I tillegg jobbar vi hardt og målretta med dei svake partia i programmet, for vi treng å ha kontroll på det før ein slik konkurranse, seier Mørck.

Les: Landets beste janitsjarkorps til NM

Opus 82 utfordrar

Også Opus 82 spelar i eliten i år. Dei rykte opp frå 1. divisjon i fjor. Sist helg vann dei regionmeisterskapen for amatørkorps i NMF Øst. Der slo dei Lillestrøm Musikkorps som har vore norgesmeistrar i janitsjar mange år.

– Vi hadde ein veldig opptur søndag. Det var overraskande at vi vann. Det hadde vi ikkje rekna med. Det var stort og gledeleg, men også skummelt, seier Kathrine Warg leiar i Opus 82.

Opus 82 på scenen. Foto: NMF

Opus 82 på scenen. Foto: NMF

Det var stort og gledeleg, men også skummelt

– Alle opplevde framføringa som ei god konsertoppleving. Vi spelte det same programmet som vi skal framføre i NM. Programmet er: Divertimento av Cincent Persichetti og Rebroll av Salvador Brotons

Les: Spesielt kosthold

– Kva plassering håpar de å oppnå i NM?

– Vi reiser opp og håpar å halde plassen i elitedivisjonen. Vi er ikkje leiande i elite, men håpar å kunne bli verande i divisjonen.

Sist gong dei var i eliten var for 10 år sidan. Då enda dei på ein 5. plass. Korpset høyrer til i Akershus og er eit relativt lite korps i janitsjarsamanheng med 43 medlemmer. Dei ønskjer ikkje å bli større, men likar å vere små og spelar mest kammermusikk.

Mestrar når alt klaffar

– Det var veldig gøy å vinne over Lillestrøm Musikkorps sist helg. Det viser at vi kan mestre godt når alt klaffar, seier Warg.

Opus 82 (midten) gikk av med seieren i 1. divisjon under regionmesterskapet i NMF Øst. Foto: NMF

Opus 82 (midten) gikk av med seieren i 1. divisjon under regionmesterskapet i NMF Øst. Foto: NMF

God dirigent

Andreas Rønneberg er Opus 82 sin faste dirigent. Å ha ein som kjenner dei godt betyr mykje.

– Dirigenten vår er kjempebra. Han er utruleg fokusert, arbeider godt med oss og set oss i rett stemning samtidig som han stiller krav. Og så har han god humor, legg ho til.

Dirigenten vår er fokusert, stiller krav og har humor

Spente på tidspunktet

Studentkorpset frå Norges Musikkhøgskole skal i år spele nest sist i elitedivisjonen. Det blir ei forandring frå tidlegare då dei har vore tidleg på scena.

– Vi pleier å spele godt når vi spelar tidleg, så vi er litt spente på det. No får vi betre tid til førebuing, men også betre tid til å kjenne på spenninga. Vi håpar på mange i Olavshallen – for det gjer noko med framføringa å ha publikum. Vi gler oss masse, seier Mørck.

Programmet til Christiania Blåseensemble er variert. Dei skal spele Azraeel Suite av Albert Schnelzer, In Brief av Olav Berg og Fanfare og Koral av Egil Hovland.

Lillestrøm Musikkorps

Også Lillestrøm Musikkorps speler det same programmet til NM som i regionmeisterskapen i Øst. Sjølv om Opus 82 gjekk hen og vann sist helg, er samkøyring med felles før-NM-konsert vanleg for korps som skal konkurrere. Onsdag kveld spelar dei to korpsa konsert for kvarandre.

Lillestrøm er under leiing av dirigent Trond Myhre. Programmet dei skal framføre er det nyskrivne spanske stykket El Jardin de las Hespérides av José Suñer-Oriola som vart urframført i 2005.

Lillestrøm Musikkorps har ei stor og stabil besetning gjennom heile året. I vekene før NM presenterer Lillestrøm «LMK-profilen» på nettsida.

Alle gler seg til NM

NM program 2016

Les: Følg NM janitsjar på TV 2 Sumo

Kva er «NM-følelsen» for deg?

– Det er å kjenne på spenninga rett før vi går på scena. Og gleda ved å reise på tur med alle gode vener, seier Warg i Opus 82.

Fjorårsvinnar til EM janitsjar

For Christiania Blåseensemble er «NM-følelsen» den kjensla dei får på scena i Olavshallen konkurransedagen.

– Vi spelar aldri så bra som vi gjer på NM, og den nerven alle har der, samtidig med ei ro og det gode humøret er det lite som sler den kjensla. Og at vi vann NM janitsjar i fjor førte oss til EM janitsjar i Nederland i mai. Der skal vi representere Norge noko vi gler oss veldig til, avsluttar Mørck.

Lykke til alle, både i NM og, når den tid kjem  – EM janitsjar i Nederland. 

Følg oss også på sosiale medier på Facebook, Twitter og Instagram @nmfkorps #nmjan og #allesnakkerkorps