– Å spele med 30 andre ungdomar frå heile Europa med same interesse blir ei heilt spesiell oppleving.

Eli Hatlehol er ei av dei tre utvalde til EYBB og er svært glad i å spele i brassband. Ho kjem frå Trondheim og begynte den musikalske karriera si i Byåsen Skolemusikkorps.

– Å spele i eit så solid skulekorps som Byåsen trur eg har spelt ei stor rolle for den karrieren eg har valt og korleis eg er som utøvar.

Eg har forventningar om å spele under den dyktige og engasjerte dirigenten, Uwe Köller, som eg har høyrt mykje bra om.

Eli Hatlehol, 21 år, frå Trondheim, studerer klassisk trompet ved UiS og spelar kornett i Stavanger Brass Band.

Eli Hatlehol, 21 år, frå Trondheim, studerer klassisk trompet ved UiS og spelar kornett i Stavanger Brass Band.

 

Eli er 21 år og studerer klassisk trompet i Stavanger på UiS Institutt for musikk og dans. I fjor gjekk ho eit år på Toneheim Folkehøyskole. No speler ho kornett i Stavanger Brass Band og ser fram til EM brass i Freiburg Tyskland.

– Eg gler meg til å møte bandet (EYBB) og bli kjend med nye folk i ulike brassmiljø. Eg har forventningar om å spele under den dyktige og engasjerte dirigenten, Uwe Köller, som eg har høyrt mykje bra om. Og ikkje minst å ha det gøy og utfordrande ei god veke saman med eit godt brassband.

Vil forstå tysk stilart

Thomas Tengelsen er også valt ut til å delta i EYBB. Han kjem frå Hasle i Oslo og spelar althorn i Oslo Brass Band, I tillegg har han vore med i Hasle Brass eit par år. Etter han i vår er ferdig som russ, flyttar han til Manchester for å studere althorn.

Thomas Tengelsen, 18 år frå Hasle i Oslo. Spelar althorn i Oslo Brass og reiser til Manchester for å studere althorn.

Thomas Tengelsen, 18 år frå Hasle i Oslo. Spelar althorn i Oslo Brass og reiser til Manchester for å studere althorn.

 Det hadde vore kult om eg forstod meir av den tyske stilen når veka er omme.

Gjennom EYBB håpar han å bli kjent med nye vener som deler same musikkinteressa. Samstundes håpar han å lære noko nytt om musikken sidan mykje av det dei skal spele er skrive av tyske komponistar.

– Det hadde vore kult om eg forstod meir av den tyske stilen når veka er omme, seier han.

Les: Alt klart til EM
Les: Nordmenn til EM brass

Håpar å bli inspirert

Julia Gåsvær frå Solund i Sogn og Fjordane gler seg også til å bli kjent med nye menneske i EYBB, men kjenner også på spenninga i magen. Ho gler seg til å spele under premieutdelinga laurdag kveld og håpar EM-veka vil gje henne stor inspirasjon til å utvikle seg vidare.

Julia Gåsvær, 22 år frå Solund.  Studerer  trompet ved musikkonservatoriet i Tromsø. Spelar solokornett i Tromsø Brass

Julia Gåsvær, 22 år frå Solund. Studerer trompet ved musikkonservatoriet i Tromsø. Spelar solokornett i Tromsø Brass

Julia studerer trompet på musikkonservatoriet i Tromsø og er midt i innspurten til eksamen på 2. året. I tillegg tek ho pedagogikk og er instruktør i Skittenelv musikkorps. Sjølv spelar ho solokornett i Tromsø Brass.

– Det kjekkaste eg veit er å spele konsertar og jobbe med prosjekt. Eg elskar å skrive og arrangere musikk, så eg kunne tenke meg å bli både komponist og musikar.

Det kjekkaste eg veit er å spele konsertar og jobbe med prosjekt

Kult i korps

Julia har spelt i korps sidan ho var 10 år.

– I Solund er det kult å spele i korps, og det er veldig fint å kunne spele musikk saman med andre. Eg har delteke på musikkleir og spelt i regionkorpset Nordvest ungdomsbrass. Dette har gjort til at eg har halde på motivasjonen.

Berre framande

Ingen av dei tre kjenner nokon av dei andre 40 som er med i EYBB. For Eli sin del er den viktigaste grunnen til at ho spelar i korps lidenskapen for musikk og samaspel.

– Å skape musikk saman i eit stort ensemble. Gjennom korpset har eg lært så utruleg mykje nyttig av gode dirigentar og medmusikantar opp gjennom åra. Og sist men ikkje minst har eg nokre av mine beste vener frå korpsverda. Så det sosiale speler også ei viktig rolle.

Felles interesse

Det samme meiner Thomas.

– Grunnen til at eg speler i korps (les; brassband) er at det er det utruleg gøy å kunne produsere musikk saman med andre som har same gleda som meg. Det er mange venskap som oppstår gjennom korps og annan musikk, og eg er berre takknemleg for at eg får vere med alle plassane der det blir spelt musikk.

Hardt arbeid

For alle tre som reiser til Freiburg blir det ei tøff veke før EYBB møtast laurdag 25. april. I tillegg til dei vanlege studia må dei øve, lytte og teste ut dei tekniske utfordringane som ligg i repertoaret.

– Det viktigaste for meg er å lytte til musikken før eg reiser, slik at eg har eit godt bilde av heilskapen, avsluttar Eli Hatlehol.

Les: Gru-gler seg til EM