Musikksjef i Norges Musikkorps Forbund (NMF) Rune Hannisdal seier dette i helsinga til NM brass 2019. Dette stemmer overeins med kjerneverdiane i NMF. Hannisdal er sjølv mangeårig dirigent og seier resultat og poeng skaper eit stort engasjement.

Prosessen viktig

– Prosessen fram mot framføringa er det viktigaste for meg. Ein poengsum eller eit resultat har aldri tatt frå meg den gode opplevinga eg har hatt etter framføring. Eg håpar alle får gode sceneopplevingar som dei kan ta med seg til vidare inspirasjon i korpskvardagen, seier Hannisdal.

Musikksjef Rune Hannisdal i NMF. Foto: Maria Torstad/NMF.

Musikksjef Rune Hannisdal i NMF. Foto: Maria Torstad/NMF.

Eg håpar alle får gode sceneopplevingar som dei kan ta med seg til vidare inspirasjon i korpskvardagen.

Musikk, glede og samhald

Også ordførar i Bergen, Marte Mjøs Persen helsar til alle korpsentusiastar som møtest i Grieghallen til NM brass til helga.

– Personleg meiner eg at det er ein eineståande verdi å kunne beherske eit instrument. Ein lærer seg eit nytt språk. Gjennom musikken kan kjensler, stemningar og idear kome til uttrykk som elles er vanskeleg å uttrykke eller seie med vanlege ord.

Det er ein eineståande verdi å kunne beherske eit instrument.

Bergen støttar korpsmiljøet

Kulturbyråd Julie Andersland i Bergen seier i si helsing at Bergen er opptatt av å vere ein støttespelar for korpsmiljøet og deler også i år ut 85.000 kroner i prispengar fordelt på dei seks divisjonane. Ho ønskjer alle hjarteleg velkommen til Bergen.

– Dette storslagne arrangementet set kulturbyen Bergen på karet, både nasjonalt og internasjonalt.

Sjå NM brass direkte

I år er det 76 korps frå heile landet som møtest til dyst. Alle divisjonar blir sendt direkte på Livestream.com/nmf. Ekspertkommentatorar i studio under Elitedivisjon i år er dirigent Irene Anda. I 1. divisjon kommenterer tidlegare musikksjef i NMF, Harald Eikaas.

I appen Program.no kan du sjå kven som er dommarar, lese om pliktnummeret «Concerto Grosso» av komponist Derek Bourgeois, sjå spelrekkefølga og kven som er utstillarar.

EBML spelar festkonsert

Regjerande norgesmeister Eikanger-Bjørsvik Musikklag med sin dirigent Reid Gilje spelar festkonserten under NM brass laurdag kveld. Etter festkonserten sender vi premietudelinga på Facebook Live på NMF si offisielle Facebookside.

Meir info: NM brass 2019