Annakvart år arrangerer NMF treff for alle regionkorpsa i organisasjonen.  I 2017 vart det arrangert i Hamar der RØST, Regionkorps Øst vann. Dei er dermed vertskap for om lag 300 musikantar i Lillestrøm Kultursenter laurdag 27. april 2019.

Pliktstykke og norsk stykke på programmet

Regionkorpstreffet er ein konsertkonkurranse med pliktstykke. I år er det «Under Blågul Fana» av Viktor Widquist. I tillegg skal alle korpsa ha eit norsk stykke på programmet. Ein vinnar blir kåra, medan alle får omtale av dommarane; Frode Amundsen (Oslo symfoniorkester) og Cathrine Berg (musikar i Forsvarets stabsmusikkorps og underviser ved Barratt Dues Musikkinstitutt). Det vil også bli kåra ein gruppepris og pris til beste solist. Tidlegare sjef for forsvarets musikk, Christer Johansen dømmer beste framføring av pliktnummeret.

Konsertar både dag og kveld

Konsertane på dagtid vil ha gratis inngang.
Laurdag kveld spelar Hans Majestet Kongens Garde, HMKG konsert kl. 1800. Billettar kan kjøpast HER, eller i døra.

Etter premieutdelinga blir det festmiddag og festkveld for korpsmedlemmene der dei får knyte nye vennskapsband.

Satsar på korps-ungdomen

Dei siste åra har satsinga på regionkorps i NMF tatt seg opp. Alle regionane har regionkorps, i enkelte regionar er det fleire korps. Desse er NMFs representasjonskorps.

– Samlinga i Lillestrøm i år håpar vi vil bli ei stor oppleving for musikantane. Vi håpar også at publikum tar turen til Kultursenteret for å få med seg mykje god musikk, seier generalsekretær i Norges Musikkorps forbund Karl Ole Midtbø.

Vi ønskjer musikantar, dirigentar, arrangørar og publikum lykke til!