Norges Musikkorps Forbund søkjer deg som er fleksibel med høgare utdanning og som vil jobbe med musikk og kva betydning musikk har for livskvaliteten i Sør-Afrika. Sørafrikanske Field Band Foundation (FBF) brukar musikk som verktøy for å gje born og unge i fattige område ein positiv kvardag.

Vi søkjer deg som har utdanning innan helse- og sosialfag, musikkterapi/musikk og helse, musikkpedagogikk, musikkvitenskap eller annan musikkutdanning, teater, formidling/kommuniasjon. Har du annan relevant kompetanse er du velkommen til å søkje.

Kort frist

Tidsramma er knapp for å søkje, og oppstart skjer allereie 15. september. NMF søkjer eit team på fire deltakarar. Er du interessert, så søk allereie no. Fristen er 10. august.

Som deltakar i PULSE blir du engasjert i 13 månader, får ein variert og hektisk arbeidskvardag med fagleg og personleg utvikling.

15-års samarbeid

NMF og FBF har samarbeidd sidan 2001, med støtte frå Fredskorpset. Hausten 2013 starta prosjektet PULSE, eit utviklingsprosjekt med hovudfokus på samanhengen mellom musikk og livskvalitet.

Les heile utslysingsteksten: Oppdrag Sør-Afrika

Lurer du på noko, kan du ta kontakt med Silvelin Havnevik: 982 41 177.  Søknad sender du til pulse@musikkorps.no 

Les: Tre år til for PULSE

Sjekk bloggen: Pulsestrongertogether.com