– Eg gler meg til helga. Eg var med i fjor og fekk ein 2. plass.

Sindre Storsletten (13) deltar som solist på euphonium. Foto: Privat.

Sindre Storsletten (13) spelar i Vardal skolekorps til vanleg. I meisterskapen på Lillehammer er han solist på euphonium. Berre dagar før konkurransen går av stabelen er han på veg for å kjøpe nytt instrument.

– Skal du spele på det?

– Neeeiiii, han dreg på det. Det er året før han skal konfirmerast og broren fekk seg nytt instrument til konfirmasjonen, og på nettet har pappa funne ein euphonium til ein god pris. Då blir det kanskje konfirmasjonsgåve litt før tida. Med øvingsinnsats, skulejobbing og få fridagar, er det knytt ei viss spenning til prestasjonen.

– Eg øver 45 minutt til ein time nesten kvar dag, så eg håpar eg er i god speleform, seier han forsiktig. Og så har eg noko å øve fram til.

I konkurransen skal han spele to nummer; Grandfathers clock og Horovitz 2. sats.

Positiv korpsoppleving

Målet med solist- og ensemble konkurransen og konkurransen for aspirant og juniorkorps er at den skal fungere som eit verdifullt verkemiddel for å bidra til positive og utviklande korpsopplevingar. 13-åringen ser for seg at han, saman med broren kan spele saman i Jaren Hornmusikkforening ein gong i framtida.

Innlandsmesterskapet solist og ensembler 

Innlandsmesterskapet aspirant-juniorkorps

Viktig konsertkonkurranse

Medlemmene i Tertnes Amatørkorps gler seg også til laurdag. Dei er det einaste av 11 korps som er eit brassband. På grunn av koronaen har dei ikkje vore samla til øving før i starten av september. Forventningane går mest på det å få lov å opptre, seier styreleiar Janecke Pemmer.

– Det å få lov å spele saman, underhalde og delta i konkurranse og få opplevingar som vi ikkje har gjort på ei stund, blir bra. Øvingane har ikkje vore normale. Avstandskrav og forsiktighetsreglar rundt koronaen heng over oss. Det er ein større jobb å få alt til å gli og litt usikkerhet om vi er nok musikantar på øving.

– Kvifor vil de delta i konkurransen?

– Vi har meldt oss på fordi det er kjekt å ha noko å øve mot. Dette er litt anleis enn ein vanleg konsert. Konkurranse er alltid gøy, seier Pemmer.

Konkurranse er alltid gøy

Tertnes skal spele fire musikkstykke under leiing av dirigent Patrik Randefalk: Prelude for a hero. When I walk alone med solist Hilde Styve, Sosban Fach og Overture-excelsior.

Brass og janitsjar saman

HordaAmatøren er ein programkonkurranse fordelt på fire divisjonar der både brassband og janitsjarkorps deltar i same divisjon. I år går arrangementet av stabelen i kulturhuset Oseana i Bjørnafjorden kommune. Kulturhuset er noko mindre enn Grieghallen, som normalt er tilhaldsplassen for denne konkurransen. Musikkonsulent i NMF Hordaland, Beate G. Holmefjord, dreg i trådane og seier arrangementet er viktig for at korpsa skal ha eit mål å jobbe mot.

– Det som er fint med denne konkurransen er at det er ein program/konsertkonkurranse der korpsa set saman ein konsert på 25 minutt. Dette er også nettverksbygging og ein plass å møtast for å blant anna å høyre på andre korps.

Dommarar i år er Arvid Anthun, Haldis Bårdsen og René Wiik.

Viktig med smittevern

Smittevernet har fyrsteprioritet. I år er dei to meisterskapa i kulturhuset Banken på Lillehammer nedskalert og utan publikum. Det er påmeldt sju solistar og fem ensembleinnslag.

– Eg er likevel stolt over at vi klarer å få det til, seier musikkonsulent i NMF Innlandet, Ola Fredheim Haug.

I Os står smittevern høgt på agendaen. Arrangøren har tre sjekkpunkt før korpsa går på scena mot normalt eitt.

– Det er viktig at korpsa ikkje er saman med kvarandre for å unngå smitte, seier Holmefjord.

Meir om HordaAmatøren

 

Andre arrangement komande helg (16. 17. og 18. oktober)

Dirigentnettverk Haugesund (NMF Rogaland)

Dirigentnettverk i Oslo (NMF Øst)

Levelkurs drill (NMF Sør)

Korpscup Otta