Eit hjarte som bankar ekstra for drill 

Gina Russell er drillmamma med eit hjarte som bankar ekstra for drill. Ho har vore styremedlem i Skedsmo drill i mange år og har fire år som leiar. To av åra har ho vore leiar i Skedsmo skolekorps. Russell meiner at korps er ein viktig arena for born og unge

– Eg vil sitte i Forbundsstyret fordi eg ønskjer å vidareutvikle korpsaktiviteten. Eg vil at det skal opplevast som meiningsfullt for born og unge å delta i korps, og er opptatt av at NMF skal vere relevant for medlemmene.

Gina Russel er drillrepresentant i forbundsstyret. Foto: Privat

Gina Russell er ny i forbundsstyret. Foto: Privat

 Russell er valt inn som «drillrepresentant» og kjem til å vere spesielt opptatt av å fremje drill og drillarane sine interesser. Ho ser fram til å ta fat på oppgåva.

– Det er ei ære å bli spurt.

Det er ei ære å bli spurt.

Musikk heile livet

Erling J. Myrseth begynte korpskarriera si i skulekorpset heime på Sunnmøre som 12-åring. Han har alltid interessert seg for musikk og etter som åra har gått har det balla på seg, frå skulekorps, vaksenkorps, instruktørjobb, musikkutdanning, kulturskule og jobba to rundar i Norges Musikkorps Forbund. I helga vart han vald inn i forbundsstyret. Myrseth er opptatt av at samfunnet endrar seg, medan korpsrørsla har lange tradisjonar og er ei tung skute å snu – om den skal endrast, undrar han seg på.

– Vi er flinke på rekruttering, utfordringa er å halde på dei og gjere korps og musikken interessant. I dag opplever dei unge ein shoppe-kultur med mobil og appar der dei blir  utolmodige og vil ha ting til å skje her og no. Korps er langsam aktivitet som livet er det.

– Men pandemien i år har vist oss at vi kan endre oss fordi vi må tenke heilt nytt.

Korps er langsam aktivitet som livet er det.

Myrseth har sterke meiningar og vedgår at korpsrørsla er mangeslunken, med mange ulike meiningar og kjensler. Men han vil gjerne ha debatt, faglege debattar som bringer oss framover. Han skulle gjerne ønske at mange fleire fekk høve til å spele i korps.

– Det gir ein estetisk kompetanse som ein ikkje får andre plassar. Men like fullt opplever han at korps er blitt meir aktuelt og er ein svært viktig aktivitet i lokalsamfunna rundt omkring.

Arvid Anthun og Erling J. Myrseth i godt lag på Dirigentuka. Begge elskar korps.

Erling J, Myrseth (til høgre) er ny i Forbundsstyret. Her er han saman med sin gode kollega Arvid Anthun på Dirigentuka i 2017. Foto: Olga Wergeland/NMF.

Den tredje nye og yngste i forbundsstyret er Rebecca Selnæs frå Trøndelag. Ho har eit stort hjarte for korps. Les meir om Rebecca og det digitale landsmøtet.

Rebecca Selnæs er ny og den yngste i forbundsstyret. Ho spelar trombone. Foto: Privat

Rebecca Selnæs er ny og den yngste i forbundsstyret. Foto: Privat

Gjenvald president

Rita Hirsum Lystad vart gjenvald som president på Landsmøtet. Ho går på sin fjerde periode og er audmjuk over tilliten. Oversikt over Forbundsstyret/kontrollkomite/valnemnd

GJENVALGT: Rita Hirsum Lystad går løs på sin fjerde periode om president i NMF.

Sakna det sosiale

Ingolf Rokseth, leiar i regionstyret til NMF Trøndelag, synest det fungerte bra med digitalt landsmøte, men sakna å møtast fysisk.  

– Forventningane gjekk på at dette var noko nytt, så vi var jo litt spente, men eg synest det gjekk veldig bra. Det var tydeleg at det var godt førebudd, og då det dukket opp noko smårusk med teknikken blei dette raskt tatt hand om.  

– Det var bra at vi var samla i regionane og fekk vere sosial saman, men vi sakna å ha dei andre regionane rundt oss. I det siste har vi fått til effektive avklaringar mellom dei ulike regionstyra, så digitale løysingar fungerer ofte kjempebra, men på eit landsmøte er det fint å kunne vere sosiale saman og ha den uformelle samtalen.  

 Årets landsmøte skulle eigentlig haldes i Trøndelag og musikalsk innslag var Trøndelag Ungdomskorps (TUK).

– Vi er veldig glade for at det blei gjennomført. Det var ein flott konsert med dyktige ungdomar, sier Rokseth og legg til at konserten blei streama og er tilgjengelig på TUKs Facebookside. 

NMF Trøndelag var eigentleg vertskap for landsmøtet som skulle vere i april. Her er dei samla på årets digitale møte.

NMF Trøndelag var eigentleg vertskap for landsmøtet som skulle vere i april. Her er dei samla på årets digitale møte.

Trass i saknet av det sosiale ved eit ordinært landsmøte, er han fornøgd med gjennomføringa.

– Møteleiarane fortener verkeleg skryt for måten dei losa oss gjennom møtet og teknikken på.

Terningkast 6

Styreleiar i NMF Hordaland Eivind Hermansen og hans mannskap er vertskap for landsmøtet 2022. Han sakna også det sosiale i møte med andre delegatar, men han er godt fornøgd med årets digitale møte.

– Dette vart eit landsmøtet light. Vår delegasjon hadde ei flott helg, med ein god diskusjon sjølv om vi sat ulike plassar i Norge. Det er engasjementet som driv oss! Summa summarum er det eit landsmøtet til terningkast 6 – visst du skal ha noko slik vurdering, ler han avslutningsvis.

Styret i NMF Hordaland er vertskap for landsmøtet 2022.

Styret i NMF Hordaland er vertskap for landsmøtet 2022.

Eit landsmøtet til terningkast 6