Seks prisvinnarar vart heidra på BTP-konserten
Seks prisvinnarar fekk heider og ære under Born to play-konserten i Hamar kulturhus laurdag kveld. Jobben dei gjer som dirigent, korpsbyggar, drillar og musikant er fantastisk, og prisen gjer at dei har lyst å halde fram med jobben.
Sør-Trøndelag stakk av med to prisar, Hordaland to, Oslo fekk ein pris og Telemark fekk ein pris med seg heim frå konserten.
Desse har vunne pris 2015:
«Årets dirigent voksenkorps»: Reid Gilje Eikanger-Bjørsvik Musikklag.
Juryen si grunngjeving: Vinnaren er ein svært respektert og anerkjent dirigent med stor erfaring. Han er fagleg sterk og jobbar godt med både ungdomar og vaksne. Han ettertrakta som gjestedirigent og instruktør på seminar og sommarkurs. Han har ei god evne til å løfte og inspirere korps gjennom å leie. Han er ein veldig verdig vinnar på alle måtar. Les omtale
Askøyværingen om Reid Gilje som årets dirigent
«Årets dirigent skolekorps»: Dag Helle Bysting frå Byåsen skolemusikkorps.
– Dette betyr mykje. Det er ein annerkjennelse av jobben eg gjer. Men det gir meg inspirasjon til å fortsetje, seier Bysting.
Juryen si grunngjeving: Ein svært erfaren og fagleg sterk dirigent, god på leiing av born og unge. Han er rollemodell for korleis skulekorpsdirigenten bør sjå og ta ansvar for heile i korpsdrifta. Han flink på inkludering og tilrettelegging, god på samhandling i nærmiljøet med skular og kulturskulen. Les omtale
«Årets drillpris»: Linn Kvade Rannekleiv, Oslo Drill/Panthers Baton Twirling.
– Dette var veldig hyggeleg, og eg set enormt stor pris på at NMF også deler ut ein drillpris. Det betyr mykje for omdømet til drillarane, seier ein glad prisvinnar. Ho starta å drille som femåring, og frå ho var 14 har ho vore instruktør. 28-åringen er framleis aktiv og no er ho ein av tre som kan titulere seg som europeisk trenar.
Juryen si grunngjeving: Juryen legg vekt på at vinnar av drillprisen har bana veg for andre norske drillarar med sine fantastiske prestasjonar. Ho har vore eit fyrtårn i det norske drillmiljøet og har sett Norge på det internasjonale «drillkartet». Vinnaren har vore og er eit førebilete for mange, og har klart å kombinere ei drillkarriere med studiar og etter kvart jobb. I tillegg har ho hatt oppdrag som instruktør, koreograf og dommar. Les omtale
«Årets korpsbygger voksenkorps»: Thorleif Eliassen, Trønderbrazz.
– Prisen betyr enormt mykje! Å jobbe med gjengen i Trønderbrazz gir meg glede og prisen vil eg ta med meg vidare i det arbeidet, seier Eliassen.
Juryen si grunngjeving: Vinnaren er ein fantastiks leiar, inspirator og organisasjonsbyggar som skaper lagand og godt humør. Vedkomande er opptatt av rettferd, har ein eineståande entusiasme og har vist eit fast og stabilt leiarskap i mange år for korpset. Vinnaren er god på nettverksbygging og er god på samhandling med nærmiljøet, og har i 28 år vore leiar for korpset. Les omtale
«Årets korpsbygger skolekorps»: Marit Amundsen Karlsen, Skien skolemusikk. Marit hadde med seg ein heil gjeng frå Skien. Likevel var ho veldig overraska over at nettopp ho fekk prisen.
– Det var veldig uventa. Det er så mange flinke folk i korps-Norge at ja, eg er rørt.
Juryen si grunngjeving: Ein tydeleg og god leiar som er god på å framheve andre enn seg sjølv, er god til å prioritere kvalitet og det som er viktig for at korpset skal nå måla sine. Ho er god på kommunikasjon med foreldregruppa og skaper begeistring. Vinnaren er flink til å leie og samhandle med dirigentane, ho går alltid føre som eit godt eksempel og trør til i alle samanhengar der det trengs. Vedkomande er strukturert, uhøgtideleg og inkluderande. Les omtale
Femten finalistar kjempa om prisane. Kvar av prisvinnarane får 50.000 kroner.
I tillegg er Louise Nitter Røsland frå Bergen «Årets talent». Ho vann Ungdommens Musikkmesterskap 2014 for blåseinstrument klasse 2. Ho får 30.000 kroner.
– Denne prisen betyr utruleg mykje. Eg kan utvikle meg meir med pengane eg har fått. Det er inspirerande og gjer meg veldig glad. Eg kan jobbe vidare med musikken, seier ho.
Born to play-konserten er eit samarbeid mellom Norges Musikkorps Forbund og Norsk Tipping.