Kulturmenneske

Lovisa Midtbø har hatt ein finger med i spelet i mykje av kulturlivet i Masfjorden gjennom dei siste 40 åra, både som utøvar og som igangsetjar og administrator. Det er nok å nemna oppstarten av musikkskulen, Fjon musikklag, skulekorpsa og revyane på 70- og 80-talet. Dessutan har ho vore aktiv som programleiar, talar og kåsør på uttallige tilstellingar gjennom åra. Ho har òg vore ein inspirator og ei drivkraft for å få tiltak i gang. Her er det nok å nemna Masfjordfestivalen, Kraftspela og Sommarscena

Dette er grunnane juryen hadde for å gje kulturmennesket Lovisa Midtbø kommunens kulturpris for 2014. Det som den kommunale juryen naturleg nok ikkje har teke med, er den innsatsen ho har gjort for NMF i krins og forbund. Ho har vore med i styret i Hordaland krins av NMF i 4 år og i NMFs forbundsstyre 12 år, seks av dei som president og vore NMF sin representant i styret på Toneheim folkehøgskole og styreleiar der i ti år.

Lovisa Midtbø er fødd, oppvaksen på Nørland i Masfjorden kommune i Nordhordland.

– Det var ikkje noko korpsmiljø der då eg var barn og ungdom, men musikk var det likevel mykje av i heimen. Vi er fem søstrer, og vi song i tide og utide. Vi hadde gitar og orgel som eg lærte meg å spele litt på sjølv. Systematisk opplæring var ikkje å få. Men vi var ivrige radiolyttarar; hadde ei god antenne og kunne ta inn signal frå heile verda. Vi høyrde på allslags musikk, og sjølv om NRK var hovudkanalen, fann vi mykje interessant på framande stasjonar. Eg hugsar særleg BBC. Heilt frå barndommen av har musikk vore ei hovudinteresse. I mange år song eg i kor. Korpsmusikk vart det først etter at eg hadde flytta attende til Masfjorden med mann og to gutar.

Vaksen nybyrjar

– I 1977 vart mannen min, Rolf, dirigent i Sandnes skulemusikk, og då den eldste guten vår også begynte i korpset og minstemann viste stor interesse for speling , lurte eg på kva eg skulle finne på for å bli med. Ikkje ville eg bli aleine heime med husarbeidet; eg ville veldig gjerne spele eg òg. I 1978 vart eg like godt med på aspirantkurs for vaksne. Vi starta eit vaksenkorps, Fjon musikklag, eg lærte meg å spele tuba og kom med i styret. Eg vart svært engasjert i desse to korpsa, det var kjekt å vere med å spele og spennande å vere med på å drive korps. Eg var leiar i Masfjorden musikkråd, og hadde gjennom det god kontakt med heile musikklivet i kommunen vår, der det var godt samarbeid, og me fekk til mykje.

Det var kjekt å vere med å spele og spennande å vere med på å drive korps

– Korpsa var medlem i NMF, og eg vart utsending til NMFs krinsting i Hordaland for fyrste gong. Møtet var på hotell i tre dagar. Då eg kom heim og Rolf spurde om eg hadde hatt det bra, sa eg: «Aldri meir!» Tre dagar der halvparten av innlegga var til dagsorden, var i overkant av det eg kunne tåle. Eg var mest interessert i lokal korpsdrift og musikk. Men då eg hadde blitt litt meir kjend med NMF-organisasjonen og det fantastiske engasjementet hjå folk som jobba mykje for korpsa sine, fann eg mange gode venner som me kunne samarbeide med, vart interessert i organisasjonsarbeidet, så det blei jo fleire slike møte, ler Midtbø.

– Sandnes skulemusikk var eit godt skulekorps, med flinke musikantar og foreldre og ei god drift. NMF-administrasjonen inviterte Frank Kvinge og meg til ein landskonferanse i Asker i 1991 for å fortelje om korleis vi dreiv korpset vårt. Det andre korpset som skulle presentere driftsmodellen sin, var Skjetten skolekorps. Då vi hadde høyrt på presentasjonen av dette store korpset, organisert med mange nybyrjarar i små grupper, aspirantkorps, juniorkorps og hovudkorps, vart det ein stor kontrast å presentere korleis vi jobba med eit lite brassband i Masfjorden. Men slik er jo Korps-Norge, med store kontrastar, så det høyrde jo med i det store biletet. Denne konferansen var første gongen eg møtte korpstillitsvalde frå heile landet, og det gjorde eit sterkt inntrykk på meg. Etter det vart eg valt inn i forbundsstyret i 1992.

Slik er jo Korps-Norge, med store kontrastar

Etter seks år som styremedlem vart Lovisa Midtbø president og var det i tre periodar, altså seks år.

– Kva hugsar du best frå dei 12 åra i Forbundsstyret?

– Den første perioden i Forbundsstyret vart ein bratt læringskurve. Eg måtte bli kjend med tilsette og tillitsvalde i NMF, arbeidsformene i forbundsstyret og utfordringane organisasjonen arbeidde med. Forbundsstyret sette ned ei gruppe med tilsette og ressurspersonar frå korps som skulle kome med framlegg til korleis NMF best kunne utvikle seg som ein god korpsorganisasjon for framtida. Eg vart forbundsstyret sin representant i denne gruppa, og utgreiinga «NMF- en organisasjon i utvikling» vart utarbeidd. Utgreiinga vart ikkje formelt handsama av forbundsstyret, men mange av dei utfordringane som vart drøfta i dette arbeidet, vart viktige saker som NMF arbeidde med i åra som fylgde, til dømes kommunikasjon og profilering, medlemsfokus og medlemsfordelar, kompetansebehov i organisasjonen, kollektive forsikringsordningar, interessepolitisk arbeid, sponsor med vidare. Dette var det mest interessante arbeidet eg var med på denne perioden, og det vart dette som ga meg eit klart bilete av kva utfordringar NMF-organisasjonen sto overfor.

– Eit musikalsk og sosialt høgdepunkt i denne perioden var det å vere med på 75-årsjubileet med SPILL LEVENDE-festivalen i 1993. Det var flott å sjå og høyre dei over 20.000 musikarane då dei var samla i Lysgårds-bakkane på Lillehammer, men det var òg fint å få høyre på NM for skulekorps og vere med på konsertar rundt på dei lokale arrangementa. Det gjorde inntrykk å oppleve dei store skilnadene i storleik og kvalitet på korpsa. Det viste tydeleg kor ulike rammevilkår korpsa i Noreg har, og kor mykje det tyder å ha gode instruktørar og dirigentar.

– Men det økonomiske resultatet av SPILL LEVENDE-festivalen for NMF var ikkje så bra?

– Det vart eit ganske stort underskot for sentralorganisasjonen, ja, men eg meiner at det ikkje er kome godt nok fram at dei fleste lokale arrangørane sat att med gode resultat både økonomisk og sosialt, svarar Midtbø .

Tydelegare NMF

– Etter landsmøtet i 1994 tok vi fatt i fleire av utfordringane som var sentrale for å utvikla NMF som ein moderne medlemsorganisasjon. NMF er ein demokratisk medlemsorganisasjon, det er korpset som melder seg inn i NMF. Utfordringa var korleis NMF kunne sikre at korpsmedlemmene fekk eit godt og likeverdig tilbod i heile landet, og korleis NMF kunne styrke medlemsfokuset og svare betre på dei behova som korpsa hadde då. Viktige saker som vart mykje drøfta og arbeidd med denne fireårsperioden var mellom anna informasjon til og kommunikasjon med medlemmene. Dette vart prioritert og resulterte i etablering av Musikkorpsavisa i 1995. Ho gjekk direkte til det enkelte medlem. At vi då fekk eit medlemsblad som kom i postkassa, gjorde det mogleg å nå fram med informasjon til heile organisasjonen.

– Vidare ville vi sikre at verdiane i korps og forbund var forsikra, og vi arbeidde for å få etablert gode og kostnadseffektive kollektive forsikringar for medlemmer, instrument, notar og tilsette. Og korleis kunne vi styrke NMF-organisasjonen i alle delar av landet? Vi hadde stor skilnad på kapasitet i dei ulike landsdelane. Store krinsar hadde tilsette og gode tilbod til medlemmene, men mindre krinsar hadde dårleg økonomi og liten tilgang på musikkfagleg kompetanse. Eg var også med på å gjennomføre eit omfattande leiarutviklingsprogram i NMF saman med generalsekretær Sigmund Olsnes. Gjennom dette programmet vart det etablert god kompetanse og ein tettare dialog mellom krinsar og forbund, fortel Midtbø.

Synleggjering

Etter lærerike år i Forbundsstyret med Tom Brevik som president, fekk Midtbø sjølv vervet i 1998. Nå kjende ho NMF godt på alle nivå og var overtydd om at det var ein flott organisasjonen med bra folk, mykje fin musikk og gode verdiar. Men ho opplevde framleis at dei ulike ledda i organisasjonen var knytte for laust saman. NMF som organisasjon var for lite tydeleg for medlemmene, meinte ho. Men ho peikar også på at det var mykje godt arbeid i krinsar og på korpsnivå, fin musikalsk utvikling og mange korps med imponerande kvalitet, både musikalsk, sosialt og økonomisk.

Vi såg tydeleg kor stor skilnad det var i rammevilkåra for korpsa rundt om i landet

– Då eg tok til som president, heldt visepresident Ulf Rosenberg og eg eit innlegg saman på det første leiarmøtet etter landsmøtet. Der presenterte vi tre satsingsområde: SYNLIGGJØRING, SYNLIGGJØRING og SYNLIGGJØRING. For å nå måla som låg i handlingsplanen for landsmøteperioden, var det viktig å synleggjere NMF både overfor samarbeidspartar, politiske miljø, departement og media, lokalt så vel som nasjonalt. På dette leiarmøtet drøfta vi kor viktig det var at korpsa var aktive og synleggjorde korpsa sine for politikarane i sine kommunar. Vi såg tydeleg kor stor skilnad det var i rammevilkåra for korpsa rundt om i landet. Nokre kommunar stilte med gratis øvingslokale, subsidierte dirigenttenester og tilskot til drifta til sine korps. Nokre fylkeskommunar gav betydeleg økonomisk støtte til drift av NMF-krinsen. NMF samla inn gode eksempel frå heile landet, og dette vart til inspirasjon og nytte for dei tillitsvalde på grunnplanet.

– Generalsekretær Trude Drevland fekk eit særleg ansvar for synleggjering og interessepolitisk arbeid sentralt. Arbeidet med betre rammevilkår for korpsa heldt fram, og vi fekk spelemidlar. Ei av kampsakene var då kulturminister Anne Enger Lahnstein foreslo at slike midlar skulle kanaliserast gjennom kommunar og fylkeskommunar. NMF protesterte saman med andre frivillige organisasjonar, og det vart til sist vedteke å kanalisere desse midlane gjennom paraplyorganisasjonar til sentralledd i organisasjonane og så direkte til lokale korps/lag. Å forvalte offentlege midlar forpliktar, og det er eit nyttig arbeid for NMF. Handsaminga av søknadene frå korpsa ga NMF god kjennskap til kva som var viktig for korpsa, og gode muligheiter til å tipse korps om andre som arbeider med det same eller har gjennomført liknande prosjekt. Dette styrkjer dialogen mellom lokale korps og sentralleddet.

Å forvalte offentlege midlar forpliktar

– Ei av sakene vi stadig kom attende til, var NMF som medlemsorganisasjon. Kva skulle medlemmene få att for medlemskapet i NMF, og kva tenester som korpsa trong, kunne organisasjonen løyse betre og billegare gjennom kollektive avtalar? Korleis kunne NMF gjere det lettare å drive korps? Vi såg at det var oftare utskifting blant dei tillitsvalde, og mange var bekymra for at gamle møteplassar som stemne forsvann. Med jamne mellomrom kom det påstandar frå nye korpsfolk om at NMF berre tok imot kontingent, mens det var Norsk Musikkråd (NMR) ein fekk økonomisk støtte frå. Dessutan fekk fleire og fleire korps direkte tenester frå musikkskulane. Nokre spurde kvifor ein då skulle vere medlem i NMF? Dette kunne bli eit trugsmål mot heile organisasjonen, og då vart det viktig å jobbe med vidare organisasjonsutvikling, seier Midtbø .

Ut av Norsk Musikkråd

Norsk Musikkråd (NMR) var og er ein paraplyorganisasjon for organisasjonane i musikklivet, der felles utfordringar og samarbeid om musikk-og kulturpolitikk var hovudsaker. NMR var også eit studieforbund, og statlege vaksenopplæringsmiddel vart kanaliserte gjennom NMR. Etter fleire år med drøftingar og usemje mellom NMR på den eine sida og NMF og korforbundet på den andre sida gjekk NMF ut av NMR sin studieorganisasjon og over til Folkeuniversitetet.

– Kvifor gjekk NMF ut?

– Eg har fått inntrykk av at striden med NMR handla mest om at NMF meinte den interne fordelingsnøkkelen i NMR favoriserte dei små organisasjonane.

NMR-saka var ein lang og krevjande prosess.

– Det dreidde seg om fordelingsnøkkelen òg. Vi ville ha ein representasjonsmodell meir i høve til medlemstalet i dei ulike organisasjonane som var med. Men viktigast for oss var å få hand om formidling av vaksenopplæringsmiddel til eigne medlemmer. Det var ein omveg at den offentlege stønaden først skulle gå gjennom NMR. Dessutan tok NMR eit handsamingsgebyr. Vi meinte at NMF skulle vere bindeleddet mellom det offentlege og korpsa, og ville at heile stønaden som vart kanalisert gjennom NMR, skulle gå uavkorta til grasrota. Både vi og NMR arbeidde mykje for å finna eit kompromiss. Vi dreiv ei stund med ein seksjon korps i studieforbundet. Men vi opplevde ikkje å få godt nok gjennomslag for våre løysingsframlegg, og valde til slutt å gå ut og over til Folkeuniversitetet.

– Det var ein vanskeleg posisjon å vere den største organisasjonen i NMR. NMF er på mange måtar ein spesiell organisasjon som organiserer korps for alle aldersgrupper og alle besetningstypar. Medlemmene kan vere frå 7 til 97 år gamle. Vi har også drill. NMF er lik Idrettsforbundet som har mange idrettsgreiner, men utan at vi er delt opp i mange særforbund. I tillegg verka det av og til som NMR ikkje var så opptatt av det store arbeidet som blei lagt ned i korpsa, og å ta på alvor dei store utfordringane mange korps hadde med stadig auka kostnader til drift. Kanskje vi opplevde å bli tatt litt for gitt, korps berre var der og trong ikkje merksemd frå NMR. Det kostar mykje å skaffe notar, instrument og instruksjon til store korps som kunne ha eit medlemstal på over 70. I NMR blei korps likestilte med små grupper der kostnadsnivået var eit heilt anna, der ein kanskje berre trong fire instrument.

I NMR blei korps likestilte med små grupper der kostnadsnivået var eit heilt anna

– Då vi ikkje greidde å endre desse haldningane i NMR, blei det rett for NMF å kome seg ut av denne paraplyorganisasjonen. Også Norsk Korforbund var lite nøgd med stoda i NMR, og saman med NMF valde dei å gå ut frå 01.01.02. NMF vart frå same dato med i Folkeuniversitetet. Men det viktigaste for oss var at NMF som jobba kontinuerleg for betre rammevilkår for korpsa, sjølv skulle ha oppgåva med å formidle alle offentlege tilskot.

Vi hadde ein administrasjon som utan problem kunne ta dei oppgåvene som fylgde med formidling av statlege tilskotsordningar. Det ville styrkja banda mellom korps og sentralledd i NMF, vi kunne forenkla søknadsprosessen fordi vi alt hadde medlemsdatabase og alle data på korpsa. Det var viktig for NMF å få hand om dette arbeidet.

– At det kjem pengar, er den mest konkrete måten vi kan vise korpsa resultat av NMF sitt interessepolitiske arbeid på. NMF har alt eit administrativt system for kontakt med korpsa, og det er kostnadseffektivt å nytte dette til å formidle offentlege tilskotsordningar. Dette styrkjer NMF, det gjer det mogleg å sjå det musikkfaglege utviklingsarbeidet i NMF saman med økonomiske støtteordningar og gir dermed synergieffekt og eit betre tilbod til medlemmene. Eg meiner utmeldinga då var til beste for korpsa, hevdar Midtbø .

At det kjem pengar, er den mest konkrete måten vi kan vise korpsa resultat av NMF sitt interessepolitiske arbeid på

– Ikkje alle korpsfolk var einige med oss i dette, og det vart skipa ein organisasjon for korps som ville halde fram i NMR, Korpsnett Norge. Dette gjorde det ikkje mindre viktig å nå fram til medlemmene våre med kva vi sto for og kva vi jobba med for å gje korpsa betre rammevilkår. Instrumentfondet (ei statleg støtteordning til skulekorps for kjøp av instrument. Red.s merknad), forsikringsordningar, sponsorverksemd og samarbeidsmodellar med kulturskular er nokre få døme på kva NMF har jobba fram.

Med NMF i tida

– Kva var det viktigaste du jobba med i di tid i NMF?

– Når eg skal oppsummere tida mi i NMF, er det ei overordna utfordring eg meiner var den sentrale for oss som var i forbundsstyret i den perioden. I ei tid der det såg ut som korps var mindre populært, medlemstalet gjekk nedover, mens kostnadene til instrument, notar og direksjon/instruksjon gjekk oppover, kunne ein ikkje rekne med at korps kunne overleve utan fornying både i drift av korps og av NMF-organisasjonen.

– Korleis skal NMF takle dei utfordringane vidare framover?

– NMF må vere ein organisasjon som bidreg sterkt til at korpsa heile tida kan utvikle seg og gje eit godt, variert og meiningsfullt tilbod til medlemmene både musikalsk og sosialt. Då må NMF ha fokus på å sikre best moglege rammevilkår for korpsa. Det er i korpsa det skjer; der skal barn, unge og vaksne skape eit godt musikalsk og sosialt tilbod. Organisasjonen må ha mot til å gjere endringar som kan gi eit betre tilbod til medlemmene. Dette krev at vi fornyar oss, følgjer med i tida, og handlar i eit samspel med samfunnet ikring oss. Korps-Noreg må halde fram med å vere seg sjølv, ta mot barn og unge utan reservebenk og fremje speleglede. Vi må arbeide for å utvikle god kvalitet og eit musikalsk uttrykk som gjev speleglede. Men vi må også ta del i dei utfordringane vi har som samfunn, til dømes når det gjeld integrering, skulearrangement og anna. Skal ein organisasjon vere verdfull for samfunnet, må han ha noko å gje, noko som synleggjer kva vi står for.

Organisasjonen må ha mot til å gjere endringar som kan gi eit betre tilbod til medlemmene

– Internasjonalt samarbeid er også ei viktig utfordring i vår tid. Prosjektet «Bands Crossing Borders» vart etablert i 1999, og har vore svært vellukka. Samarbeidet mellom NMF og «Field Band Foundation» i Sør-Afrika har gitt begge organisasjonane mykje: musikalske opplevingar, kompetansebygging og nye musikalske impulsar gjennom utveksling av instruktørar. Eg er glad for at NMF har ført dette vidare i «Pulse», med kjerneverdiane “stronger” og “together”, der det sentrale er kva musikken kan ha å seie for helse og trivsel.

– Og så til sist er det ein viktig ting eg gjerne vil avkrefte og legge død for alltid, insisterer Lovisa Midtbø på.

– Det er ikkje korpsbevegelsen som har funne opp vaffelrøra! Det er ikkje meir dugnad og vaffelsteiking i korps enn i anna frivillig arbeid. Personleg har eg levd eit langt liv i korps utan å steike ein einaste vaffel.

Personleg har eg levd eit langt liv i korps utan å steike ein einaste vaffel

Intervju gjort av Terje Andresen i 2017.

Les intervju med:

Ole Edvard Antonsen
Nils Albrecht Kaltenborn
Egil A. Gundersen
Kjell Olav Martinsen
Christer Johannesen 
Knut Løken
Trevor Ford
Tom Brevik
Cathrine Winnes

Jubileumsboken «Musikkorpsenes århundre».