– Eg har spelt i korps sidan eg var 10 år, litt orkester i studietida og mest brassband som vaksen.

Ho nemner raskt; Trondheim Politis Brassband (No Trondheim Brassband), Oslofjord Brass Band og Hasle Brass. Ho var og med på å starte opp Oslo Brassfestilva.

– Eg er veldig stolt over den festivalen. Det var så gøy å få det til.

I dag spelar ho flygelhorn i Florø hornmusikk. Som lita var ho med i eit velorganisert skulekorps og fekk tidleg utfordringar. Korpset var ein arena med god aldersspreiing, med mange gode forbilde og ein plass å høyre til. Dette var noko av grunnen til at ho heldt fram med å spele, i tillegg til å vere glad i musikk.

– Vi var mange på vårt kull, og vi var ein bra samspelt gjeng. Musikk og korps var ein viktig del av oppveksten og Tynset hadde eit bra opplegg med ekstra musikkundervisning.

20 års samarbeid

Marit i samspel med venner og kollegaer i Sør-Afrika. Foto: Privat

Samspel med kollegaer i Soweto FBF 2008. Frå venstre: Marit Bakken, Thabo Mosime, Jacob Mlapeng, Ellen Neverdal og Bongani Goliath. Både Thabo, Jacob og Bongani har ovre utvekslingsdeltakarar til NMF og Norge. Foto: Privat. 

Eit anna jubileum ho med glede snakkar varmt om er samarbeidet med Field Band Foundation, Norges Musikkorps Forbund og Norec (Tidlegare Fredskorpset). I år er det 20 års jubileum for dette samarbeidet. Som programdirektør i Norec kjenner ho mange prosjekt, men har kanskje eit ekstra auge til Sør-Afrika. I 2006-2008 jobba ho som deltakar i det som den gong heitte Bands Crossing Borders (BCB). (Dagens PULSE er ein oppfølgjar med same samarbeidsaktørar.)

Ville lære noko nytt

– Hovudgrunnen var at eg hadde tenkt å bli musikklærar og studerte musikk-vitskap på universitetet. Eg ville lære meir om ein annan type pedagogikk, korps i ei anna setting. Då var eg halvveges i masteroppgåva som vart endra frå «norsk samtidsopera» til «sørafrikansk populærmusikk og kulturell identitet» – ei heilt anna masteroppgåve, smiler ho.

Eg ville lære meir om ein annan type pedagogikk, korps i ei anna setting.

Marit underviste i musikk då ho var på utveksling i Sør-Afrika, 2006-2008. Her saman med Foto: Privat

Marit underviste i musikk då ho var på utveksling i Sør-Afrika, 2006-2008. Her saman med Maria Nxumalo. Bildet er tatt i Soweto i 2006 mens dei arbeidde med praktisk musikkteori. Maria var då Tutor-in-training i Soweto FBF.

Lærerikt og utfordrande

Jobben både som deltakar i utvekslingsprogram og no som programdirektør har hatt stor betydning for Marit. Ho elskar det ho held på med. Ho ønskjer å få til mykje, har store ambisjonar. Ho vil få til godt samarbeid med avgrensa ressursar, og ho vil ha alle til å gå i same retning.

– Eg vart aldri musikklærar, men reiste for å få eit breiare syn på musikkpedagogikk i ein internasjonal kontekst. Og no er eg blitt byråkrat. Det har ført til at hobbyen min og yrkesretninga mi har fått ein ny samanheng og gitt meg mange fleire moglegheiter. Det har gitt meg masse nyttig erfaring å jobbe internasjonalt. Det å jobbe fleirkulturelt, å få møte ulike typar menneske i prosjekt, å få kunnskap om korleis få ting til saman i ei veldig samansett gruppe, har lært meg mykje om relasjonelle og mellommenneskelege forhold.

– Kor viktig er det å jubilere?

– Det er viktig  å feire det som feirast kan, for å symbolisere kva vi har fått til på 20 år. Og det er ikkje lite. No med pandemien ser vi at det er samarbeid som må til.

Og korleis får vi til det når det ikkje er like innafor å reise som før, spør ho retorisk. Og svarer sjølv; Miljømessig er det bra med mindre reising, men det å faktisk arbeide saman skulder ved skulder og kjenne kvarandre sin kvardag vil framleis vere viktig i globale partnarskap.

Det er viktig  å feire det som feirast kan, for å symbolisere kva vi har fått til på 20 år.

Som BCB-utveksling i Sør-Afrika lærte ho frå seg kunnskap, og fekk også kunnskap tilbake. Foto: Privat.

Som BCB-utveksling i Sør-Afrika lærte ho frå seg kunnskap, og fekk også kunnskap tilbake. Foto: Privat.

Internasjonalt partnarskap

Norec legg til rette for at organisasjonar og verksemder i Norge og i 25 andre land kan søke om støtte til å jobbe internasjonalt gjennom å utveksle tilsette eller frivillige. Mykje av jobben som leiar i programavdelinga går ut på å finne ut kva pengane frå Stortinget (gitt gjennom statsbudsjettet), skal gå til i internasjonalt partnarskap.

– Å få vere med å legge til rette for det er spennande og kjempegøy. Ho meiner arbeidet er svært viktig for å få til utvikling.

Å få vere med å legge til rette for det er spennande og kjempegøy.

– I samband med pandemien ser vi at vi ikkje er eit og eit land. For å løyse dei globale utfordringane vi har er vi nøydde å samarbeid på tvers av landegrenser og kontinent.  Å støtte internasjonalt partnarskap slik Norec gjer, er det med på å skape bevisstheit, ikkje berre hos lokale styresmakter, men på eit lågare nivå. Støtta vi gir går til dei unge som skal få denne eksponeringa, tidleg i livet. Å sette kompetanse og utvikling i førarsetet og sjå at det finst andre måtar å løyse ting på enn her i Norge.

Den smilande Marit er glad i fjellheimen i Norge, men gler seg til å kunne reise på utanlandsturar igjen. Foto: Privat

Den smilande Marit er glad i fjellheimen i Norge, men gler seg til å kunne reise på utanlandsturar igjen. Foto: Privat

– Korleis har de takla året som har gått?

– Det har vore vanskeleg for nokon å sende menneske til sin partner-organisasjon, men mange har løyst samarbeidet på ein annan måte. Digital jobbing i prosjekta har gått bra. Alle sit på heimekontor, og då er det ikkje så nøye kva by eller land du er i. Alle er tilpasningsdyktige og fleksible for å kunne fortsette arbeidet, sjølv om det også har vore veldig krevande for mange.

-Det blir spennande framover korleis vi klarer å kombinere det digitale med det fysiske. Å møtast og vere fysisk saman er viktig og må kome i gang igjen, så snart det er trygt og bra og riktig å gjere det. Ein kombinasjon er viktig!

Venner i samarbeid

Gjennom samarbeid og utveksling har Marit fått mange gode venner. I dag skjer det meste av kommunikasjonen digitalt, men ho gler seg til å møtast fysisk igjen.

– Mine beste venner er dei eg har jobba saman med i Sør-Afrika. Når vi deler spesielle opplevingar, får vi noko felles.

– Korleis har du takla pandemien?

– Det har vore skikkeleg kjedeleg! Men samtidig eit veldig fint år. Eg har utnytta å få bu i Sogn og Fjordane, som eg framleis kallar det. Eg har gjort mykje lokalt, vore mykje ute på tur i nærområdet. Ein skal ikkje kimse av å sette ned tempoet litt. Eg er ikkje 22 lenger og fint å ikkje måtte ha noko kvar helg. Å finne tid til å kople av er den beste læringa. Sjølv om eg har kjeda meg litt, har det vore viktig for meg.

Å finne tid til å kople av er den beste læringa.

Marit med sekken passar godt i lag på tur i skog og mark. Foto: Privat.

– Kva fritidsinteresser har du?
– I tillegg til å gå tur, er eg glad i å lage mat og utforske nye oppskrifter. Og eg er begynt å trene Cross Fit. Det er ei stor glede i livet som eg absolutt skal halde fram med. Og i året som har gått har det blitt mykje digital prat med familie og venner som ikkje er i nærmiljøet.

– Kva planar har du i sommar?
– I sommar skal eg slappe av, få besøk av familie og venner, skal fortsette å vere turist i eige fylket, gjere ting eg ikkje har gjort før som å gå Via Ferrata i Loen, dra på telt-tur til Vetvika i Bremanger. Besøke familien heime. Det blir dessverre ingen utanlandsferie i år, men det blir nok nokre turar utanlands når eg er fullvaksinert.

-Kor lat har du planar om å vere i sommar? (1=litt lat, 10= ekstremt)
-Ein god åttar!

-Kva klarer du deg ikkje utan om sommaren?
-Det å ha god tid og dagar utan planar. Stå opp og vere her og no, og gjere det eg har lyst til.

– Kva er din ultimate sommarlåt?
– Eg har speleliste med sommarlåtar, men det må bli «Bysommer» med Lillebjørn Nilsen. Det er lenge sidan eg har vore i storbyen, etter mange år i Oslo. Å kunne gå i gatene og oppleve at byen vaknar til liv er nydeleg. Så ja, Bysommer med Lillebjørn Nilsen.

– Tar du med/spelar du instrument i sommar?
– Nei, ler ho. Det blir liggande.

– Kva er din favorittmat?
-Jordbær og rabarbra. Aller helst norske jordbær frå hagen på garden der eg vaks opp. Og rabarbra, om det er rabarbrasuppe, rabarbragraut eller rabarbrapai. Det smakar sommar!

I sommar har vi gjort sommarintervju med fleire personar. Du finn intervjuet i lenkene under når dei er publisert:

Torsdag 1. juli – Rita Hirsum Lystad
Mandag 5. juli – Sondre Lerche
Torsdag 8. juli – Espen Rostrup Nakstad
Mandag 12. juli – Jørgen Lund Karlsen
Mandag 19. juli – Ulf Rosenberg
Torsdag 22. juli – Maria Molund
Mandag 26. juli – Birgitte Brekke